Vinmonopolet med nye rutiner ved nyhetslanseringer

Det har jo som kjent vært endel utfordringer med køsystem, utsolgte varer etc når polet kommer med nyhetslanseringer, og nå prøver de å endre på rutinene for å gjøre systemet bedre:

Hentet fra Vinmonopolets nettsider:
————–
Førstkommande fredag har Vinmonopolet nyheitslansering, og mellom 08.00 og 10.00 på lanseringsdagen må bestillingar gjerast i nettbutikken.
For å sikre lik tilgang til attraktive varer, så kan kundar sjølve bestille nyheiter via nettbutikk frå kl. 08.00 på lanseringsdagen.
Frå og med 1. mars vil ikkje Kundesenteret handtere bestillingar før kl. 10.00 på dagen for nyheitslansering. Alle bestillingar mellom kl. 08.00 og kl. 10.00 må gjerast i nettbutikken.
Bakgrunnen for dette er at vi ser behov for endå tettare oppfølging av behaldninga av nyheiter, slik at vi raskare kan få ut informasjon til kundane våre om utselde varer. Difor vil det mellom 08.00 og 10.00 berre vere mogleg å handle nyheiter gjennom ein kanal, altså nettbutikken.
Vinmonopolets butikkar tar ikkje imot bestillingar før kl. 12.00, men nyheiter som er på lager kan kjøpast i den aktuelle butikken frå den opnar på lanseringsdagen.

Køordning
I samband med nyheitslanseringa vil vi bruke ei køordning i nettbutikken, både her på www.vinmonopolet.no og i app. Målet er å sikre stabil drift og kjapp respons også når det er veldig stor pågang.

Slik fungerer det:
Klokka 07:00 fredag 1. mars stenger vi nettbutikken og lagar eit «venterom». Alle som er aktive på sida vert tildelt eit tilfeldig kønummer når nettstaden vert opna klokka 08:00 med alle nyheiter lansert.

Frå klokka åtte slepp vi inn kundar i pulje utifrå kønummeret dei har fått tildelt. Eit kønummer er aktivt i 15 minutt. Det vil seie at du har 15 minutt til å nytte din plass i køen.

Vi gjer merksam på at varer ikkje vert reservert før kjøp er gjennomført, og vi tek atterhald om at varer raskt kan bli utselde.

Køordninga gjeld både i app og på www.vinmonopolet.no. Bakgrunnen for dette er gjentekne driftsproblem ved stor pågang, spesielt i samband med nyheitslanseringar.
———–

Det blir spennende å teste ut nye systemet imorgen, erfaringsmessig blir det noe krøll når man prøver noe slikt for første gang.. Jeg har ihvertfall notert meg noen godbiter jeg håper å få labbene rundt!

Liste over nyhetene 1.mars her

You may also like...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.